Fredagskafe
Fredagskafe

Fredagskafeen 23. februar.

Fredagskafeen 23. februar: «Solformørkelsar, kva er det som fascinerer så mange ved at Sola forsvinner i eit par minutter?» ved meteorolog Roar Inge Hansen. - Eg vil rette blikket ut i verdensrommet og snakke om astronomi. - Eg har i løpet av dei siste 18-19 åra reist rundt omkring i verda og fått oppleve seks totale solformørkelsar. Alle dei har eg både filma og fotografert. Den siste i USA 21. august i fjor. Kva er det som fascinerer så mange ved at Sola forsvinner i eit par minutter? Er det kanskje ikkje det same som sola forsvinner bak ei sky? Skal forklare grunnen til at ein solformørkelse oppstår og i tillegg skal alle få bli med på ein solformørkelse i film og bilder og høyre dramatikken.